Prosjektet
Om prosjektet
Vi er fire studentar som studerer ved Høgskulen på Vestlandet, campus Førde. Vi har ei tverrfagleg oppgåve som krev kunnskap både frå elkraft og automatiserings studiet. Gruppa består derfor av ein elkraftstudent, ein automatiseringsstudent og to som går kombinert elkraft og automatisering.
Vi er no komen til det siste semesteret i utdanninga, og skal gjennomføre ei bacheloroppgåve. Den tel 20 studiepoeng, og ein har ei tidsramme på 500 timar per student.
Oppgåva
Prosjektet innebere å utarbeide ei funksjonsbeskriving, programmere og prosjektere kraftverksimulatoren og teste den. Det skal takast utgangspunkt i sekvensane til Hove kraftverk. Systemet som blir utvikla må "snakke saman" med kontrollanlegga som SEAS nyttar i sine kraftstasjonar. Det må og vere mogeleg å sende typiske feilsignal til kontrollanlegget og få tilbakemelding på dette.
Bakgrunn
Kraftselskap brukar store pengesummar på kontrollanlegg som ofte vise seg å ikkje halde mål. Dette fører til kostbare utbetringar i ettertid og driftstap på kraftverket. Sunnfjord Energi AS har ti kraftstasjonar med totalt fjorten aggregat. Dei er godt i gong med ein langtidsplan for å modernisere og oppgradere kraftstasjonane. I tillegg til større revisjon av turbin og generator er det også vanleg å bytte ut kontrollanlegg og alle hjelpesystem. I den samanheng ønskjer Sunnfjord Energi å lage til ein kraftverksimulator for å kunne finne feil ved kontrollanlegget på fabrikken, slik at dei kan rette desse før levering til kraftstasjonen.
Oppdragsgjevar
Sunnfjord Energi AS er eit kraftselskap med kraftproduksjon, drift og bygging av nett og sal av kraft til bedrifter og hushald. Selskapet er delt inn i fire avdelingar: Stasjon, nett, marknad og administrasjon. Dei har hovudkontor i Førde, men har også mannskap på Skei i Jølster, Sande i Gaular, Hålandsfossen i Fjaler, Leirvik i Hyllestad og Hardbakke i Solund.
Meir informasjon om Sunnfjord Energi AS kan finnast på deira nettstad; https://www.sunnfjordenergi.no/
